Eigar Svein Magne Hestetun er fødd i 1966 og utdanna både gartnar og blomsterdekoratør frå Statens gartnerhøgskule.
Og med over 20 års fartstid i blomster-bransjen,har han opparbeid mykje kunnskap/erfaring om dekorering/blomster. Han oppdaga tidleg at det var blomster og planter som skulle bli levevegen hans, ettersom han bokstaveleg talt er oppvaksen i drivhuset.
Svein arbeidde fleire år i Bergensområdet etter endt utdanning,der han dekorerte oljeplattformer, festspel med meir, men valde å flytte heim til Årdal i 1994 for å overta familiebedrifta.
Han er gartnar av tredje generasjon og busett på garden, som er ein av dei eldste i Årdal. I drivhuset er det ikkje lenger lønsamt å dyrke snittblomster, og Svein satsar i staden på eigenproduksjon av typiske sommarplanter.

Hestetun Gartneri er medlem av hagesenterkjeden BoGrønt.
• Vi er over 60 hagesentre spredt over hele landet. Felles for alle er høy faglig kompetanse og kvalitetsprofil.
• BoGrønt har et bredt vareutvalg av blomster og planter, men også tilhørende produkter som som jord, torv, bark, gjødsel, krukker og redskap.